Upphavleg skrivi .
Lyd til denne artikkelen:
Som det so heiter på god nynorsk.
Det hev jamt verka rart for meg at NRK og diverse andre statlege institusjonar berre er tilgjengelege på anten nynorsk eller bokmål. Um målformene skal vera heilt jamstilte, so er det rart at ein ikkje stend fritt til å velja ei målform og pluss-minus kunna leva med berre henne, i alle fall so langt det gjeld staten.
Men heller er situasjonen slik at NRK hev um lag 25% av stoffet sitt berre på nynorsk, medan resten er berre på bokmål, og det er ingen planar um at det ein dag skal verd slik at både formene røynleg er jamstilte (for ikkje å nemna at det 25%-kravet er eit NRK i større og mindre grad hev sliti med å stetta). I ei verd der berre radio og TV var ei greida gav detta noka meining, sidan det var sers uhendig å senda tvo burtimot like sendingar, eller leggja upp til at det berre er ei sending ein kann justera på, men for nettinnhaldet til NRK er truleg den einaste grunnen til at formene i røyndi ikkje er jamstilte at det hadde vore urimeleg dyrt å umsetja alt stoffet dei produserer. Detta er ikkje eit trivielt argument, men då er spurningi kor myket det veg mot 'nynorsk skal vera jamstilt, end of discussion', som det so heiter på nynorsk.
Dei fleste statlege sidor som i grunnen er noko viktige (Skatteetaten, NAV, sikkert meir), verkar å jamt vera tilgjengelege på både formene, truleg fordi dei når ut likt til alle i landet, so det er ikkje til å koma seg undan å måtta å umsetja heile driten. Men so snart ein kjem burti noko meir lokalt, so flyg det mynsteret fort ut av vindauga, sidan kommunane fær no velja hovudmålform, og til og med um dei ikkje hev valt ei offisiell målform, er det ikkje ofte at Indre Blodkuksfjord kommune med sine 8420 innbyggjarar hev budsjett nog til å umsetja til den andre målformi, som berre eit (ofte lite) mindretal av folket hev som hovudmål. Når då folk flest klarer å lesa seg gjenom den sida dei tarv dei fjore gongene i livet sitt dei røynleg må, so endar ein upp med å ikkje putta umsetjing høgt nog på prioriteringslista til at det røynleg verd noko av. I skulegangen er no mogleiken til å få velja målform til stades (i alle fall på papiret, eg er uviss på kor myket han er der i røyndi på tvers av landet, men anekdotane eg hev høyrt indikerer i alle fall at han ikkje er heilt meiningslaus), so at det tilsvarande ikkje er mogleg for resten av kommunen eller tilsvarande verkar rart når målformene skal vera jamstilte.
Ironisk nog fører denne halvveges-jamstillingi til ein verre situasjon samanlikna med um dei røynleg hadde vore jamstilte. For Herr Nynorskmann, er det so å segja garantert at han må nytta bokmål i ein eller annan heller stor kapasitet for å koma seg gjenom livet, eller laga masse bråk kring det um ein vil laga prinsippsak ut av det: sjå Vann mot politiet etter 35 år. For Herr Bokmålsmann, er nynorsk ikkje ein ting utanum den tullegreida han måtta gjenom på skulen av vage grunnar og eit eller anna med Ivar Aasen, som han sjølv eller nokon andre i klassa til og med fekk lov til å skippa på grunn av dysleksi. Og um det er mogleg for folk å skippa det, gjeng tankane fort kring kor naudsynt det er å taka for resten av oss. Slik er det for Herr Bokmålsmann eller Fru Bokmålsdama heilt til han treffer på ein artikkel på NRK som er skrivi på nynorsk, og ikkje er tilgjengeleg på bokmål, som han då heller vel å ikkje lesa, attåt at den litle godviljen som var att til nynorsken fordi Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur eller eit eller anna, vardt brunnet burt endå litt meir. Tilsvarande um so det er nynorsk teksting av ein utanlandsk TV-serie på NRK, eller at eit kommunalt skjema han må fylla ut som berre er å finna på nynorsk av grunnar Herr Bokmålsmann ikkje bryr seg um.
Eg er ikkje akkurat den største fanen av nynorsk som jamstilt målform. Eg set pris på nynorsk som skriftmål, og greider fint å både skriva og lesa det, men eg set meir pris på mogleiken til å hava eit 'riksnorsk' (skal vi kalla det for 'riksmål'?), og nynorsken stend i prinsippet i vegen for det, med eit krympande mindretal som vel honom elles tilhøyrer målformi. Det er lett å setja stor pris på honom som ei målform som enkelte klarer å gjera myket godt ut av. Umsetjingi til Eilev Groven Myhren av Ringdrotten er truleg eit av dei vakkraste verki som finst, men eg vil gjerna sleppa å deala med honom når eg må plukka ut noko smått av Offentleglogi eller det eine programmet eg røynleg bryr meg um på NRK absolutt skal vera teksta på nynorsk fordi ein kvote måtta fyllast. Samstundes er den potensielle pengesparingi fristande, men vi må i so fall hava prinsippi våre klare. Anten so er nynorsk eit jamstilt 'norsk' òg so å segja alt statleg skal vera tilgjengeleg på det, kosta kva det kosta vil, eller so kann vi drita i det og segja oss ferdig med det, og ikkje lenger nytta pengar på det. Denne millomtingen kor vi segjer at det er jamstilt, men vi i røyndi vel å ikkje gjera stort med det utanum å kasta ei og onnor kruna på det, er ikkje konsekvent med noko prinsipp nokon i røyndi hev.
Ukraina løyste ei liknande problemstilling ved å påtvinga bruk av ukrainsk. Russisk er sers vanleg i Ukraina, spesielt i dei austre og sørlege lutene av landet. Lenge var russisk so godt som jamstilt, og myket ukrainsk media var berre å finna på russisk, og det var pluss-minus berre staten ein måtta kunna ukranisk for, so det vardt til eit slags byråkratmål for alle som hadde russisk som morsmål i Ukraina. Etter at Vyrdnadsrevolusjonen hende og krigen i Donbas var det nesten at logverket som verna russisk som minoritetsmål vardt burte, men det var ikkje før 2019 den nye logi kom, 'Про забезпечення функціонування української мови як державної', 'Um å sikra funksjonen til det ukrainske målet som statleg'. Denne logi gjorde heller myket for å fremja ukrainsk som hovudmål i landet, slik at absolutt alle i landet i prinsippet skulla kunna ukrainsk, og alle statlege funksjonar, same kva kor perifer, skulla fungera på ukrainsk. Sidan russisk hadde heller sterk stilling i landet, og eit visst trugande naboland hev det som hovudmål, er det ikkje frykteleg rart at ukrainarane kjende trongen for å styrkja sitt eige mål so myket. Det kann henda at ho gjekk litt for langt i og med at dei andre minoritetsmåli i Ukraina ikkje hev noko nemneverdig vern under denne logi. Denne logi påtvingar til og med at trykte media, sjølv dei som staten ikkje blandar seg inn i, skal òg skal verda gjenve ut på ukrainsk. Dei kann òg verda gjenve ut på andre mål, men då må dei òg verd gjeve ut på ukrainsk parallelt. Å fullstendig påtvinga detta i Norig er heller urealistisk. Det er nog urealistsisk å gjera detta sjølv berre med alle media i Norig som fær statsstudnad, sidan so godt som alle media i Norig av nemneverdig storleik fær just det, og heller mange utanum det òg. Sjølv um kravet i og for seg er rimeleg, so verd det nog ramaskrik same kva, noko som truleg er grunnen til at ingen hev rørt vepsebolet på lenge. Ingen vil hava dramaet kring Samnorsk 2: Electric Boogaloo, sjølv um det kann henda enkelte vil hava utfallet av det.
Det hadde vore interessant å sjå nokon gjera litt research kring kor vanleg trøndersk eller andre tilsvarande ikkje-jamstilte norske skriftmål røynleg er. Dei dukkar ikkje upp heller myket i mitt liv, men i kommentarane på fjesbokji og slikt verkar det som det ikkje er uvanleg. Det kann henda at mange av deim som nyttar skriftmåli berre nyttar deim i slike kontekstar, eller so kann det henda at dei òg nyttar deim millom viner og nær familie, men i den augneblinken nokon hev vanskeleg for å skyna kva dei segjer, eller det verd noko meir seriøst, so byter dei yver til standardbokmål, so sjølvrapportering funkar truleg dårleg for slikt, sidan mange av deim vil sannsynlegvis sjølv segja at dei nyttar bokmål og ingen annan variant. Men um ein fær justert for slikt, hadde det vore interessant å sjå kor vanleg dei skriftmåli er samanlikna med nynorsk. Talet for nynorsk samanlikna med bokmål heng kring 10%: sjå Kor mange har nynorsk som hovudmål i Noreg?. Det talet hev inga klår bane til å auka, og er heller på ein klår trend nedyver. Det er sant nog målt gjenom elevar i skulen som nyttar den eine eller den andre målformi, framfor eit meir representativt utval, men tala er nog ikkje drastisk ulike, spesielt med tanke på at sjølv for 30 år sidan, var ikkje skilnaden større enn 80% bokmål og 20% nynorsk. Det hadde vore ein sers interessant situasjon um prosentane røynleg var, seg, 82% bokmål, 12% nynorsk, 6% 'andre' (medrekna trøndersk, nord-norsk, eventuelt òg ting som er vanlegvis relativt bokmålsnært i hovud til folk, millom anna austfoldsmål, kebabnorsk, pluss diverse andre målføre, men berre i skriftmål), men at so og segja heile 'andre'-gruppa òg nyttar bokmål i kvardagen med staten og alt offisielt, og sikkert myket anna. Um luten folk som nyttar trøndersk eller eit anna ustandardisert skriftmål som sitt hovudmål er på, seg, 4% eller noko kring der, då verd det fort ei spurning um kor terskelen skal vera for staten å stø minoritetsskriftmål. Um vi skal stø nynorsk på 12%, kvifor ikkje trøndersk på 4%? Spesielt då med tanke på at vi stør kvensk og samisk; sant nog ikkje like myket, sidan dei er ein endå mindre lut av folkesetnaden. Detta er ikkje ein diskusjon verd å hava utan å hava nokon solide tal som gjer at vi skynar kva situasjonen røynleg er, men tanken er interessant å fundera på.
I røyndi vil nog litt research og ei realitetsorientering føra til ei umklassifiering av nynorsk frå eit jamstilt skriftmål til eit minoritetmål, då på lina med samisk og kvensk, og eventuelt andre større norske (enn so lenge) ikkje-standardsiserte skriftmål. Ikkje at detta tyder at nynorsken er noko mindre verd. På same måte er ikkje samisk noko mindre verd enn korkje bokmål eller nynorsk. Tvert i mot vil nog det at mange skynar nynorsken som meir 'rein' vera med på å verna honom som jamstilt målform, men det vil nog reflektera røyndi betre å hava det som eit minoritetsmål, ettersom det er ein klår minoritet som har nynorsk som hovudmål i dag, og stadig mindre folk som vel nynorsk som hovudmål framyver òg. Det er slik vi handsamar honom no meir eller mindre, og viljugskapen til å jamstilla honom i røyndi er truleg liten so lenge det er sant. Men det er truleg ikkje ein samtale vi er heilt klåre for å hava enno, men han dukkar nog upp ein dag i framtidi um nynorsken fylgjer sama trend som han gjer no.
Heile denne situasjonen er truleg ikkje hjelpt av måten sidemålet verd lært burt i skuleverket. Gjenom skulen er nynorsk ikkje ein ting for 80+% av landet, heilt til ein byrjar på ungdomsskulen, kor det so brådt dukkar upp, av vage grunnar for ein som hev nynorsk som sidemål. For meg var bokmålet direkte tilsvarande talemålet mitt. Eg kann skriva 95% rett bokmål utan å tenkja yver det i det heile teket. Det er nokon enkeltformer eg må hindra meg sjølv i å nytta, millom anna:
Etter at dei er slege inn og eg hev moderert meg litt, er eg 100% bokmålsmann. Skulla eg hava skrivi nynorsk med same målkjensel, verd det til den mest bokmålsnære nynorsken nokosinne på sitt beste, og noko merkeleg tullball elles. Det er berre fordi eg hev brydd meg og lest nynorsk grammatikk at eg klarer meg når det gjeld å skriva nynorsk no. Nynorsk verkar ikkje drastisk nærmare målføri som eg høyrer til vanleg enn det bokmål er, og det at fleire umråde med heller stor fråstand til standard bokmål ser just det som si nærmaste standardmålform, og ikkje nynorsk, tyder på at eg ikkje er heilt på bærtur. Utanum typisk vestlandsk, er dei fleste andre områdi anten nærme nog bokmål til at det ikkje spelar nokon rolle, nærmare bokmål enn nynorsk til at bokmål verd valet, eller so er det litt hipp som happ, og ein vel då heller formi som er standarden i røyndi framfor honom som er standard i teorien. Undantaket er vestlandsk, som er kjerneumrådet til nynorsk og det som i røyndi danna myket av grunnlaget til målformi til Aasen.
Innimillom dukkar det upp argument for nynorsk med grunnlag i det at sjølv målføre langt utanfor kjerneumrådet til nynorsk hev trekk som er betre representert i nynorsk, og som til og med er heilt burte i bokmål. I nokon høve er jau detta røynleg sant. Millom anna mitt eige bruk av i-supinum, og dei ulike fleirtalsformene utifrå kyn, noko som er tydeleg på austfoldsmål: 'hesten', 'bygda' - 'hestær' - 'bygder'; difor òg 'bilær' og 'båtær'. Detta er eit trekk som enno er å finna, men det er eit som er på veg ut, sidan 'finmålet' fra Oslo trengjer seg på og dyttar ut dei tradisjonelle måltrekki, noko som gjer at det ikkje er nokon garanti for at ei austfolding røynleg snakkar slik.
Tilsvarande med typeformprinsippet i grunn kann det henda ein trønder kjenner atter 'byrja'. Skriftmålformi skal i grunnen ikkje turva å vera nær uttala, so '-a' endingi må gjerna verda til '-e' um det er slik ein uttalar det, eller falla heilt burt for den saks skuld, og y må gjerna ganga yver til ø um ditt målføre gjer det, og den regelen der gjeng aldri andre veien; ø gjeng aldri yver til y. På denne måten kann nynorsken fungera som eit sams norsk som alle kjenner seg i alle fall noko igjen i, og deretter kann ein leggja på reglane som konverterar det til eins eige målføre. So lenge grunnlaget er jamt og hev alle ord folk flest ventar å finna der, byr det reknestykket ganga upp.
Men på same måte som med Austfold, er det mange som hev teket til seg bymålet, so det er ingen garanti for at dei kjenner seg sjølv meir igjen i grunnformene frå nynorsk samanlikna med bokmål, og då tarv ein mindre regelverk å byggja på bokmål for å koma fram til eit vitug skriftmål enn ein tarv for å gjera det sama med nynorsk, noko som truleg ikkje hev vordet hjelpt av at typeformprinsippet hev fenget mindre tyngd i reguleringi av nynorsk. Um du er ute etter ei tradisjonell form av 'byrja' i Austfold, finn du heller 'bynne', som sjølvsagt hev sitt upphav i 'begynne', framfor noko som hev upphav i norrønt eller nynorsk 'byrja', og '-er'-endingi i bokmål i alle fleirtalsformene er lettare å læra enn endingane '-ar' og '-er', ubunden av at dei enno er til stades i ei onnor form i austlandsmål.
Men problemet med mange av særformene og bøyningsmynstri som er i nynorsk kverv ikkje på grunn av det. Det kan henda det er eitt eller tvo fellestrekk som då er nærmare ditt målføre, men 10 andre er enno nærmare bokmål. Konstruerte døme kor nynorsken ligg nærmare eit målføre enn bokmål er ikkje hjelpsame um mesteparten av det ein røynleg skriv ligg fjernare.
Det kan henda detta i røyndi ikkje er høvet, og sjølv austlandsmål er nærmare nynorsk når ein byrjar å grava i det. Det fær eventuelt nokon andre skriva mastergraden sin um, sidan det vil krevja ei ganske stor jamføring av ordfang, grammatikk, bøyingar, og moglegvis litt syntaks for å få det til. Attåt kan det henda at ein kann læra noko av det som er verdt å taka inn i upplæringi, so nynorsken ikkje verkar so fjern som det han gjer no.
For mange av deim utanfor det nynorske kjerneumrådet, verd det heilt umogleg å vita kva former som er god nynorsk og kva former som berre er tull. Norsk hev eit so breitt spekter med målføre at det er myket rart ute og gjeng, og um noko er lov på nynorsk verd då berre ei spurning um det er med i ordboki eller ikkje, og ikkje noko med grunnlag i djupare systematikk. For ein som ikkje er målkunnig er det ingen grunn til at ein frase som 'Eit jamnt øve naudsynt åttak sum moglegeins me ikkje skal føyra ein, mein dei fleste meinar at tida er kjemen for hennar' ikkje skulla vera gild nynorsk, spesielt når ein hev former som 'korkje', 'røynd', 'semje' og 'åtgaum'. Desse er særvestnorske former, som vi truleg anten byr sjå burt ifrå på lik lina med at særøstlandske eller særtrønderske ikkje verd inkludert, so vi fær eit sams minste multiplum nynorsk, eller at særformene frå andre umråde òg verd tekne med på lik lina. Det er rart at slike særvestnorske ordformer som ikkje ein gong er i noko særleg bruk lenger på Vestlandet er tillatne, samstundes som alle ordi på -het/-heit i prinsippet ikkje er tekne med i nynorsk (utanum ein liten hop sidan dei er so myket nytta, som no veks sidan dei verd vanlegare sjølv i nynorsk). Dei ordi, og til ein mindre grad dei typiske anbehetelse-ordi, saman med mange andre lånord frå (låg)tysk, og elles dansk, var ikkje med i ordboki til Aasen, til tross for at dei er kjempevanlege i dag, sjølv i tradisjonelle nynorskområdi, og det er berre i nyare tider nynorsk hev vore viljug til å introdusera fleire 'lånord' frå bokmål, sidan dei hev vordet so vanlege. Det verkar rart, heilt til ein finn ut av at desse ordi ikkje fanst i norrønt, og at dei formene som elles var nærmast norrønt var dei formene som vardt valde inn som hovudformene, og at dei formene som oftast er vestlandske, og den tendensen hev aldri heilt vordet burte. Målet um å hava ei rein norrøn målform som eit 'ekte norsk', er eitt som er daudfødt frå fyrste augneblink, med ord som hev (låg)tysk og dansk upphav alt i ordboki til Aasen frå dag ein av historien til nynorsk, til dømes ord som 'bruka', 'betala', 'friheit' (ja! 'fridom' og 'friskap' finst, men dei er lista upp saman med 'Oftest i en fremmed Form: Friheit'), 'forkjøla', 'ergeleg' (ikkje i grunnen eit ord med er-prefikset på eit verb, men enno eit tysk lån), 'ankar' (ditto) og 'værelse' (eg neittar å tru at detta ordet ikkje hev sitt upphav i dansk, noko som er stødd av at ordet ikkje lenger er med i ordboki).
Eg vil råda deg til å lesa um nynorsk slik han røynleg verd internalisert i Den internaliserte nynorsknormalen - Om oppfatta nynorsk hos eit utval nynorskelevar av Pernille Fiskerstrand. Det er ei masteroppgåve frå 2008, som viser kor vanskeleg og rar heile situasjonen er og hev vore for både elevar og lærarar når det kjem til nynorsk. Situasjonen hev klårt endra seg noko, men eg gjekk gjenom nynorsksoga ein stund etter henne vardt skrivi, og då i eit umråde kor nynorsk er myket mindre relevant enn det det var for elevane ho hev spurd i denne masteroppgåva. Målføri til elevane ligg jau i røyndi heller nærme nynorsk, men dei slit framleis med å ikkje kunna skriva ord som er gilde i bokmål og er det naturlege ordet eller den naturlege formuleringi i deira eige målføre. Forfattaren sjølv hadde dei same problemi, og enda soleis upp å lenge skriva sers gamle former på nynorsk, berre for å vera på den sikre sida um at det var god nynorsk, og etter kvart som nynorsknormi vardt utvida, valde ho meir moderne former som lå nærmare målføret hennar, men ting vardt ofte framleis feil i mange høve, sidan det ikkje var noko tydeleg mynster i kva for slags former som var med i nynorsk og som ikkje var det, som so førde til at ho stadig turvte å stø seg på ordboki.
Send attertolor, bod, klager, spurningar, undringar, dikt og kattebilete til web@telaneo.net.